Vaksine

Status Covid-19 og vaksinasjon i veke 7- Etne kommune

Det er ingen nye tilfelle av Covid-19 i Etne kommune siste veka og det er om lag 30-40 personar som testar seg kvar veke. Risikonivået i Etne er satt til 1. 

 

Om ein ynskjer å følgje med og lese meir om risikonivå kan ein gjere det på Statsforvaltaren sin nettstad: Risikonivå i Vestland | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)

Status om vaksinasjon i veke 7 i Etne kommune

Denne veka mottar me 60 dosar Pfizer vaksine som skal fordelast til dei som fekk dose 1 i veke 4, og til omlag 30 nye personar. Innkallingane er nå starta og ein vil få tildelt ein time på Etne eller Skånevik Helsestasjon. Det er framleis gruppa over 85 år som får vaksine, men denne veka startar me også meir systematisk med aldersgruppa som er over 75 år. Denne gruppa utgjer om lag 280 personar.  Tildeling av vaksiner går etter nasjonale tilrådingar. Sjå pressemelding lagt ut 8. februar.

Når det gjeld risikopasientar mellom 18 og 64 år vil fastlegane setja opp oversikt ut frå eit nasjonalt diagnosesystem. Me forventar at dette er klart om ca 2 veker. Me vil då sende ut sms til alle på desse listene om kva gruppe dei tilhøyrer, og om lag kva tidsrom ein kan forvente vaksinering.  

Mange lurer på om dei kan leva som normalt igjen når dei nå er full vaksinert. På det er svaret: «Nei, ikkje endå». Vaksina har til hensikt å forebyggja alvorleg sjukdom og død, men me veit endå ikkje kor godt den førebyggjer mild sjukdom. Me veit heller ikkje om ein kan smitta andre med koronavirus sjølv om ein vaksinert.
Reglane er difor:  Me må halda avstand til kvarandre og at ein må i karantene og testa seg om ein er nærkontakt til ein som får påvist Covid-19 sjølv om ein er vaksinert.

Likevel ser me nå positive trendar i Noreg. De eldste og mest sårbare er mindre sjuke og det er færre sjukehusinnleggelsar og dødsfall. Det er færre utbrot på sjukeheimane i landet.

Plan framover
Per i dag veit me at me skal få 60 dosar Pfizer/BioNTech vaksine i veke 7 og 54 dosar Pfizer/BioNTech vaksine i veke 8. Alle dosane i veke 8 går til revaksinering av dei som fekk dose 1 i veke 5.
Me veit ikkje kor mykje vaksine me får frå veke 9
Me veit ikkje om me får fleire typar vaksine å tilby, og evt når dei kjem. 

Målet for FHI er at alle risikogrupper skal vera ferdig vaksinert innan utgangen av juni 2021.  

Elisabeth Winterthun
Kommuneoverlege

Tips ein ven  Skriv ut