Støttekontakt

Støttekontakt i Etne; noko for deg?

Finst det ein vaksen (helst mann) i Etne-området som har overskot, tid og rom for ein mann i 40-åra som treng støttekontakt? 

Har du 2-3 timar i veka (eller om lag 8-12 timar/mnd) som du kunne tenka deg å nytta saman med personen? Behovet er på ettermiddagar og eventuelt i helger dersom det passar for deg.

 

Mannen treng å komma inn i lokalmiljøet og har behov for ein person han kan gjera avtalar med. Det vil vera viktig at du snakkar norsk sidan han ikkje kan språket så godt.  Mannen likar m.a. å vera fysisk aktiv, gå turar og fiske så det vil vera av betydning at du også likar desse aktivitetane.

 

Er du av det slaget som har ekstra tid og omsorg å gi til andre, kvifor ikkje bli støttekontakt??

 

Ta kontakt snarast med:

 

Eining Helse, Etne Kommune

Kjersti Lunde Kambe,

Konsulent for funksjonshemma,

tlf.  53 75 81 32 mellom kl. 09.00 – 15.00 (tirsdagar, onsdagar og torsdagar)

kjersti.lunde.kambe@etne.kommune.no

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut