Støttekontakt i Skånevik; noko for deg?

Er du ein aktiv og engasjert ungdom som har nokre timar å gi av fritida di og ledig tid i sommar; kvifor ikkje bli støttekontakt??

Eit støttekontakt-tiltak er eit timebasert, betalt oppdrag frå kommunen med utgiftsdekking og køyregodtgjersle. Å vere støttekontakt er ein givande jobb og kan bety mykje for andre medmenneske som treng ei hjelpande hand.

Me er på jakt etter ungdom/vaksne i Skåneviksområdet som kan følgje opp ein 9 år gamal gut med funksjonsnedsetting.
Guten er heimebuande sentralt i Skånevik. Er ikkje bevegelseshemma.
Han likar å vere med på sosiale fritidsaktivitetar i lag med andre.

Du bør helst vere fylt atten år og ha sertifikat, men det er ikkje eit krav.  Oppdraget vil være på  ca 4 t/veka (16 t / mnd)

Ta kontakt snarast med:
Inger Lund Rolland, konsulent for funksjonshemma
Helse/Sosialavdelinga i Etne Kommune
Pb 54
5591 Etne
tlf 53758132 / 91810798 mellom kl.09.00 – 15.00.
e-post: inger.lund.rolland@etne.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut