Du er her: Heim Støttekontakt

Besøksheim

Barneverntenesta Etne og Vindafjord treng jamleg kontakt med personar som kan ta på seg ulike oppdrag for barneverntenesta. Me treng både besøksheimar, støttekontaktar og tilsynsførarar.

Kva er ein besøksheim?
Å vere besøksheim vil seie å bruke tid til samvær med ein eller fleire born eller ungdomar frå ein annan familie. Det kan vere frå familiar som treng avlastning, eller at borna/ungdomane har behov for å kome i eit anna miljø, og få nye, positive opplevingar. Borna vil ofte ha stor glede av å berre vere med familien på dei vanlege og kvardagslege tinga, medan det og vil vera til glede for dei å få vera med på kjekke aktivitetar.

Kven kan vere besøksheim?
Vanlege menneske, som er positive og interesserte, og ynskjer å medvirke til at menneske med behov for hjelp skal få ein positiv og meiningsfull kvardag og fritid. Det kan vere familiar med eller utan eigne born, "besteforeldregenerasjonen", eller einslege. Alder på eigne born spelar ikkje alltid like stor rolle. Ulike heimar vil passa for ulike barn/ungdom.

Arbeidstid?
Arbeidstid og mengde vil variere etter borna sine behov. Det kan vere alt frå annakvar helg til kvar sjette helg. Det kan og vere i feriar eller vekedagar. I spesielle tilfelle kan det og vere nødvendig med nokon som kan stille opp på kort varsel.

Samarbeid
Besøksheim er eit hjelpetiltak barneverntenesta tilbyr familien. Dette krev at besøksheim, familien og barneverntenesta samarbeider. Me har difor samarbeidsmøter jamleg. Besøksheim får og veiledning frå barneverntenesta.

Løns - og tilsetjingsforhold i tråd med kommunale reglar.

Korleis gå fram?
De kan ta kontakt med barneverntenesta for spørsmål, eller ynskje om å vere besøksheim. Barneverntenesta ynskjer då samtalar med dykk for godkjenning. Det vert og krevd politiattest.



 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut