Du er her: Heim Støttekontakt
Støttekontakt

Kan du tenkje deg å vere støttekontakt?

Den viktigaste oppgåva ein støttekontakt har er å motivera og leggja til rette for sosialt samver og ei meiningsfull fritid.

I Etne har me behov for støttekontaktar. Å vera støttekontakt passar for deg som kan dela nokre timar i veka med andre som kan ha glede av å vere saman med akkurat deg!

Personar som får tilbod om støttekontakt er born, ungdom og vaksne som kan ha ulike utfordringar med fysisk eller psykisk helse, rus, einsemd eller andre ting. I saman med den du er støttekontakt for finn de ut kva de har lyst å gjere av ulike aktivitetar som til dømes tur, kino, gå på biblioteket, kafe, klubb, handling, trening og fisking.

Søkjarar skal i hovudsak vera fylt 18 år, men i nokre tilfelle kan søkjarar frå fylte 16 år også vera aktuelle for oppdrag. Løn etter gjeldande tariff.

For interesse eller meir informasjon kontakt:
Elisabeth Lunde Sørheim, konsulent for funksjonshemma
Tlf 91810798/53 75 81 32
Mail: elisabeth.lunde.sorheim@etne.kommune.no

 








(gjeld tidlegare, noverande og ev. planlagd utdanning)



Me krev minst 2 referansar frå anten arbeidsgjevarar, organisasjonsarbeid eller skule. NB! Ikkje frå familie, vener, naboar e.l.

Fritidsinteresser:*
Kva type aktivitetar likar du sjølv å halde på med? Kva type fritidsaktivitetar har du kompetanse innanfor? Set fleire kryss dersom naudsynt.



Kven ynskjer du å vera støttekontakt for (kjønn)?*
Alder:*
(set gjerne kryss ved fleire alternativ)
Kan du tenkja deg å vera støttekontakt for personar med*
(set gjerne kryss ved fleire alternativ)
Kva dagar ynskjer du å jobba?*
Kan du tenkja deg å vera støttekontakt for to eller fleire som fungerer godt saman?*
Har du sertifikat og tilgang til bil?*
Me ynskjer å gjera avtale for eit heilt år. Har du høve til det?*
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut