Støtte til pårørande | ||||||||||
Oppdatert: 03.10.2019 13:38 | ||||||||||
Generelt | ||||||||||
Omtale Er du pårørande til ein pasient med psykiske lidingar eller rusmiddelproblem? Er du familie til eit barn med nedsett funksjonsevne? Er du pårørande med omsorgsoppgåver og treng avlasting? Kommunen har plikt til å tilby tenester spesielt for pårørande. Helsepersonell har teieplikt, men du har likevel rett til å få informasjon om for eksempel:
Pasientar over 16 år må gje samtykke til at pårørande skal få vite om helsetilstanden til pasienten. Det samme gjeld innsyn i pasientjournalen. Dersom pasienten har gjeve samtykke, kan du som næraste pårørande få vite om pasienten sin helsetilstand, diagnose og behandlingsutsikter. Pasienten kan også bestemme at berre visse opplysningar skal gjevast. I nokre tilfelle kan sjølve situasjonen tilseie at dei pårørande skal ha informasjon sjølv om pasienten på førehand ikkje har gjeve samtykke til det. Ved behandling av pasientar som ikkje sjølv kan ta vare på sine interesser, har dei næraste pårørande rett til å bli informert. Kommunale tenester som t.d. praktisk bistand, og velferdsteknologi som t.d. varsling og lokaliseringsutstyr, kan bli gjeve som avlasting for deg som omsorgsgjevar. Avlastingstiltak er gratis. Kommunen kan ikkje krevje eigenbetaling for avlasting. Dette gjeld også praktisk bistand, tilbod på dagsenter eller korttidsopphald på institusjon, det vil seie tenester med avlastande effekt som det ellers kan bli kravt eigendel for. Dersom du har krevjande omsorgsarbeid, til dømes for ektefellen din eller barn, kan du søkje om omsorgsstønad frå kommunen. | ||||||||||
Målgruppe Pårørande til born, ungdomen eller den vaksne brukaren/pasienten. Næraste pårørande er den som har den næraste relasjonen til den personen det gjeld. I Pasient- og brukerrettighetsloven (§ 1-3 bokstav b) er rekkefølgja til den nærmaste pårørende definert. | ||||||||||
Samarbeidspartnarar Helse Fonna Barn som pårørande
| ||||||||||
Regelverk | ||||||||||
Lover
Forskrifter
Sjå spesielt helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 Kommunens ansvar overfor pårørende. Lover Helse- og omsorgstjenesteloven Helsepersonelloven Pasient- og brukerrettighetsloven Spesialisthelsetjenesteloven Forskrifter Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten | ||||||||||
Praktiske opplysninger | ||||||||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Ta kontakt med behandlar eller kontakt koordinerande eining for oversikt over tilbod for deg som pårørande. | ||||||||||
Skjema Søknad om helse- og omsorgstenester | ||||||||||
Søknaden sendes til Etne kommune ved helse/pleie og omsorg Sjoarvegen 2 5590 Etne | ||||||||||
Kontaktpersonar
| ||||||||||
Andre opplysningar | ||||||||||
Dato oppdatert 2019-10-03 13:38 |