Støttekontakt

Oppdatert: 11.04.2017 09:36
Generelt
Omtale

Støttekontakt er eit tilbod til personar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Støttekontaktens viktigaste oppgåve er som regel å hjelpa den einskilde til ein meiningsfull fritid.

Støttekontakten hjelper ein annan person til ei meir meiningsfull fritid gjennom sosialt samvere og ulike aktivitetar. Støttekontakt  kan f.eks. gis som:

  • Individuell støttekontakt
  • Deltaking i ei aktivitetsgruppe
  • Eit individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon
Målgruppe

Personer som har vanskar med  å kome seg ut på eiga hand, og/eller treng hjelp og støtte for å meistre ulike fritidsaktiviteter, og deltaking i sosial fellesskap.

Kriterium/vilkår

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.

Tilbodet vurderas til personar som har:

  • Behov for bistand til sosial kontakt på grunnlag av fysisk/psykisk funksjonsnedsetting, sosiale problem eller rusmisbruk
  • Behov for sosial trening
  • Behov for å ivareta interesser og ferdigheiter som ein del av den totale livskvaliteten

Kartlegging av brukars behov med IPLOS vurdering skal gjennomførast.

Medisinske opplysningar frå fastlege innhentas ved behov.

Pris for tenesten

Tenesta er gratis. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten.


Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-2.



Lover
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan vende deg til kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkomande ha fullmakt.

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknaden sendes til

Etne Kommune, v/helse,

Sjoarvegen 2

5590 Etne

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

 

Klagemulighet

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Let kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontaktpersonar
Hilde Høyland (Helseleiar)
Telefon: 53 75 81 21
Mobil:
Telefaks: 53 75 80 01
Epost: hilde.hoyland@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2017-04-11 09:36