Trening

Styrke- og balansegruppe for eldre

Eit treningstilbod for deg som kjenner deg ustø i kvardagen og som ynskjer å bli tryggare på eigne bein.

Fysio- og ergoterapitenesta skal starte opp med styrke- og balansegruppe for eldre. Er du redd for å ramle? Opplever du at du klarar mindre, kanskje du går mindre, ute eller generelt? Då kan dette tilbodet vera noko for deg! Alle aktuelle kandidatar blir individuelt vurdert og kartlagt før og etter gruppestart.

 

Stad: Treningssalen i nye Etne omsorgssenter

Tid: Kvar tysdag og fredag kl. 12.30-13.30 (i 6 veker) frå og med veke 38 til og med veke 43.

Eigendel: Etter takst. Kr 173,- for fyrstegongsvurdering. Kr 97,- per gruppetime. Opp til ein har nådd taket for frikort eigendelstak 2, som er kr 2085,-.

 

Ta kontakt for meir informasjon/avtale tid for vurdering:

Elisabeth Høiland - 95435324

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut