
Sunnhordlandstreff i Bergen
Ombord på Statsraad Lehmkuhl 5. september.
Knyt kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar og oppdater deg på kva som skjer i Sunnhordland!
5. september står hyggjelege folk frå bedrifter, kommunar og festivalar i Sunnhordland klare til å ta imot deg i Bergen!
Då er du invitert til ein triveleg kveld ombord på seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Skipet ligg til
kai ved Bryggen i Bergen.
Sunnhordlandstreffet startar kl 17:30 og er gratis.
Ombord kan du knyte kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar, det blir mat og drikke og sjølvsagt premiar og
underhaldning! Trioen Mañana Mango, der eit av bandmedlemma er ei "kruttønne frå Etne" i følge Canal Street,
er klare!
Kva med å vinne festivalpass til Tysnesfest 2017, Festidalen 2017 eller ein iPad mini?
Shantymann og direktør ved Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl, Haakon S. Vatle dreg i gang stemninga!
(meir info nedanfor dei to bileta!)
God stemning på Sunnhordlandstreff!
God mat og drikke på Sunnhordlandstreff!
Arrangementet er for deg som ynskjer å bli betre kjend med moglegheitene i Sunnhordland.
Kanskje du er student, eller har jobba nokre år i Bergen og lurer på å flytte?
På Sunnhordlandstreffet kan du m.a. snakke med folk frå:
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Aldersgrense 18 år.
For bedrifter som ynskjer å delta på Sunnhordlandstreff - ta kontakt med Samarbeidsrådet for Sunnhordland på e-post!
For påmelding gå til nettsida for Sunnhordlandstreff i Bergen.