TVA_HOVEDLOGO_2013_CMYK

Ta vel imot bøsseberarane

TV-aksjonen NRK 2013 går til Nasjonalforeningen for folkehelsens arbeid med demens og går av stabelen 20. oktober.

  • NRKs TV-aksjon vert rekna som verdas største dugnad og innsamlingsaksjon. 100 000 bøssebærarar skal besøke alle Norges 2,2 millioner husstandar.
  • Meld deg som bøssebærar på blimed.no eller ring 02025
     
  • Over 70 000 menneske i Norge har Alzheimer eller ein annan demenssjukdom. 10 000 får sjukdommen kvart år og den kan ramme kven som helst.  Over 300 000 er næraste pårørande.
  • TV-aksjonen 2013 skal gi menneske med demens ein lettare kvardag og bringe forskinga framover slik at færre får sjukdommen.
  • Midlane frå TV-aksjonen skal gå til aktivitetstilbod, forsking og informasjonstiltak. Aktivitetstiltaka inkluderer etablering av ordninga «aktivitetsvenn» som skal gi demenssjuke høve til aktivitet og pårørande tiltrengt avlastning. Det blir etablert eit koordinert forskningsprogram for å løyse demensgåta. Informasjonstiltak skal bryte ned tabu og knuse myter. Det vil og bli etablert ein likemannsordning der pårørande kan støtte kvarandre.
 
 
 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut