Tannhelseteneste |
Oppdatert: 06.01.2016 13:47 |
Generelt |
Omtale Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta og tilbyr gratis behandling til prioriterte grupper. I tillegg får 19- og 20-åringar tilbod om behandling til 25 % av offentlege takstar. |
Målgruppe Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til desse prioriterte gruppene:
I tillegg har rusmiddelavhengige/-misbrukarar under kommunal rusomsorg rett til gratis tannbehandling. |
Samarbeidspartnarar Kontaktpersonar: Tannpleiar Åse Iren Hermannsen Tannklinikken Etne: 53 75 62 82 aasher@post.hfk.no |
Regelverk |
Relevant paragraf i folketrygdloven er § 5-6 Tannlegehjelp og § 1-3 i pasient- og brukerrettighetsloven. Lover Folketrygdloven Helsepersonelloven Pasient- og brukerrettighetsloven Tannhelsetjenesteloven Forskrifter Forskrift om stønad til dekning av utgifter til tannbehandling Forskrift om vederlag for tannhelsetjenester Rettleiing Tannhelsetilbud til rusmisbrukere (rundskriv) |
Praktiske opplysninger |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Fell du inn under ei av dei prioriterte gruppene, treng du ikkje søkje om tenesta. Fylkeskommunen skal vere oppsøkjande. Gje melding dersom du eller borna dine ikkje blir følgde opp. Ta kontakt med kommunen for støtte til tannbehandling etter pasient- og brukarrettslova. Ta kontakt med Nav Trygd for stønad til tannbehandling i samband med sjukdom. |
Klagemulighet Om du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til det organet som fylkeskommunen avgjer. Går avgjerda deg imot eller klagen avvist, kan du klage til Fylkesmannen. |
Andre opplysningar |
Dato oppdatert 2016-01-06 13:47 |