befolkningsvarsling

Telefonvarsling

Etne kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggarane. Varslingssystemet gir deg beskjed om blant anna uventa vannstans.

Nå kan du som innbyggjar eller kontaktpersonar for bedrifter kontrollere og eventuelt endre informasjonen om deg for slik varsling.

Via UMS ServiceVarsling sørgjer vatn- og avlaupsetaten for at du får beskjed via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa stans på vatnet eller ved koking av vatn vert tilrådd. Også i andre situasjonar kan det vera aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.

Varslinga skjer ved at det blir sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonane som kun er registrert med fasttelefon.

Klikk her for å kontrollere eller endre oppføringa di.

Korleis verkar det?

I samband med stenging av vatnet, lekkasjar, driftsavbrot m.m.. vil det gå ut ein beskjed om kva som har skjedd eller kva som skal skje. Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedommar i det berørte området.

Når du tar telefonen får du beskjed om å tasta 1 for høyre ei melding som er lest inn.

På slutten av meldinga blir du bedt om å tasta:
1 - for å stadfesta at du har oppfatta  meldinga
0 - dersom du ønskjer å få beskjeden lest opp ein gong til

Dersom du ikkje tastar 1, vil systemet ringja deg opp på nytt (inntil 3 gonger).

Korleis finn kommunen mitt telefonnummer?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling er ein samanstilling av informasjon frå Folkeregisteret, nummeropplysning frå alle teleoperatørane og informasjon frå GAB-registeret. Innbyggjarar under 16 år ligg ikkje i adressedatabasen, og mottar dermed heller ikkje varsel.

Får eg varsel? Korleis sjekkar eg det?

Du har moglegheit  til å kontrollera og endra din oppføring i UMS sin portal for administrering av kontaktdata (UMS Contact Data Manager) : http://cdm.ums.no

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på, dersom du for eksempel ønskjer å få varsel ved hendingar som rører ved  fritidseigendom, studentbustad eller liknande.

Merk at dersom telefonen din er registrert på arbeidsgivar, må du sjølv  leggje denne til på den folkeregistrerte oppføringa di  for å få varsling på hendingar  på heimeadressa.

Hemmeleg nummer?

Adressedatabasen fangar ikkje opp personer med hemmeleg nummer, som betyr at de ikkje mottar varsling med dagens system. Du som har et slikt nummer og ønskjer varsling, kan registrere deg i databasen, som blir halde hemmeleg for alle andre.

Varslast også bedrifter?

Adressedatabasen som blir nytta under varsling inneheld også adresse og telefonnummer til bedrifter. Det kan vere vanskeleg å nå dei rette personane og bedrifter  blir difor rådd til  å endre eller leggje til nummer og kontaktpersonar som skal varslast ved enkelt å logge inn på UMS Contact Data Manager.

Merk at varsel til fasttelefonar skjer via automatisert telefonoppringing. Telefonnummer med automatisk svartteneste eller tasteval for vidarekopling er derfor lite egna som kontaktnummer for næringsverksemd. Dersom di bedrift er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å vera sikker på at bedrifta mottar eventuell varsling.

Varslingssystemet er meint som ein tryggleik for di bedrift, verksemd eller institusjon.
Dersom me skal kunna nå dykk på ein rask og effektiv måte er me avhengige av hjelp frå dykk.

Me ber dykk difor om at rett kontaktperson blir registrert her: http://cdm.ums.no

Abonnentar med spesielle behov for varsling ved bortfall av vassforsyninga - Sårbare abonnentar

Etne kommune  tek spesielle omsyn til såkalla sårbare abonnentar ved endringar i vasskvalitet eller vassmengder. Det er spesielt låg terskel for å varsla denne gruppa, og gruppa vil bli prioritert med varsling ved driftsforstyrring på vassleidningsnettet. Verksemder og personer med særskilt behov for varsling blir bedt  om å registrera adressa som sårbar abonnent i UMS sin portal for vedlikehald av kontaktdata.

Tenesta vert tilbydd til spesielt sårbare abonnentar som:

  • Alders og sjukeheimar
  • Frisørar
  • Hotell
  • Legar/medisinsk
  • Næringsmiddelindustri
  • Reinseri/vaskeri
  • Restaurantar/spisestadar
  • Skule/barnehage
  • Sjukehus
  • Tannlege/tannhelse

Dersom du høyrer heime i ei av disse gruppene, eller meiner du er spesielt sårbar av andre grunner, kan du setje adressa din som sårbar abonnent her: http://cdm.ums.no

Merk:  Har du spørsmål i samband med dette kan du ta kontakt med Tenestetorget på telefon 53 75 80 00.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut