Ovstebo

TellTur 2020

Bli med på TellTur i Etne!

Øvstebø
Biletet er frå Øvstebø som har mange humoristiske skilt og postar langs turvegen.

TellTur er friluftsråda sitt elektroniske system for turregistrering (postkassetrim). Her kan du finna turmål både i eigen kommune og i distriktet/landet elles, og registrera resultata dine. Registreringa skjer via nettsida telltur.no eller ved mobilapp. Konkurrer med deg sjølv eller med andre turgåarar om å nå fleire mål!
Lær meir og finn kart og turomtale til spennande turmål på telltur.no (
https://www.telltur.no/)

Etne kommune er ein flott kommune å gå tur i, med alt frå utfordrande turar i fjella og til enkle turar i låglandet som dei aller fleste kan klara. TellTur i Etne er eit samarbeidsprosjekt mellom Etne turlag, Friluftsrådet Vest og Etne kommune. Fleire av nutane er dei same som på «Alle 30». Sjå meir info HER. God tur!


TellTur 2020 i Etne kommune

Her er lista over alle ti turane i Etne kommune, der to av turane er nye av året:

1   Høylandsnuten NY
2   Keisarholla
3   Frette
4   Øvstebø
5   Mjelkestølen
6   Varleite
7   Jettegrytenuten 
8   Søljenibba
9   Strype
10 Leknesnepo NY

Sjå turomtalar m.m. på https://www.telltur.no/friluftsrad/vest/etne

 

PREMIERING 2020
Friluftsrådet Vest:

  • Alle turgåarar med minst 100 ulike turmål får ei gåve med TellTur-logo
  • Alle turgåarar med minst 50 ulike turmål får ei lita gåve med TellTur-logo
  • Alle turgåere fødde i 2007 eller seinare med minst 25 turmål får ei lita gåve med TellTur-logo

Etne kommune:

  • Premie til den som har størst auke i tal Telltur-ar i høve til i fjor i tre aldersklassar:
    Barn, fødde 2020 til og med 2007: Gåvekort på Skakke kr 150,-
    Ungdom, fødde 2006 til og med 1994: Gåvekort på Skakke kr 150,-
    Vaksne, fødde 1993 og tidlegare: Boka E134 Haukelivegen

For å kunna vinna premie frå kommunen, må du melda deg på temakonkurransen FØR du går turane! Sjå meir info https://www.telltur.no/friluftsrad/vest

Grunna korona-smittefaren, er det berre råd å registera turane i app på telefonen, - ikkje ved hjelp av kodeord.
Slik går du fram: Registrer deg på nettsida https://www.telltur.no/logginn. Last ned appen «Norgeskart friluftsliv» på mobiltelefonen din, og gå inn på Telltur-delen i menyen (gratis). Logg inn og last ned kart til turmåla i appen. Når du er ute på tur og kjem til målet, må du opna appen (Norgeskart friluftsliv).  Den viser deg automatisk ein vindauge for innsjekking når du er minimum 50 meter frå turmålet. Stadfest innsjekkinga. Då kan du også gå inn på telltur.no for å sjå resultata dine.

 

Tips ein ven  Skriv ut