Øvstebø1

TellTur-sesongen 2020

TellTur er friluftsråda sitt landsomfattande elektroniske system for turregistrering.

Øvstebø3.jpgHer kan du finne turmål og registrere resultat for deg og familien din. I første rekke er TellTur ein konkurranse der du konkurrerer med deg sjølv om å være meir aktiv ute, men også med andre turgåarar om å nå fleire mål i nærmiljøet eller regionen! I Sesongstart 1. april.

Friluftsrådet Vest samarbeider med alle 13 medlemskommunane og dei lokale turlaga om et variert turtilbod til folk flest. Hele 132 ulike turar i regionen, frå lette nærturar i låglandet ved kysten til meir krevjande turar til fjells i indre strók. Dei fleste av turane er familievennlege. Uansett ambisjonsnivå kan du finne turar som passar deg og dine!
Grunna Korona-krisa har TellTur måtta leggast om, for å unngå smitteoverføring med kodekort, turkassar og turbøker. TellTur er difor gjort heildigital, og turgåarar brukar appen «Norgeskart friluftsliv» for å registrere turane sine (gratis tilgang til TellTur ut 2020). Med abonnement kan du også laste ned kart for bruk utan mobildekning.
Vi ber folk om IKKJE å bruke kassane eller skrive i bøkene som alt var lagde ut på nokre turmål før koronakrisa. Vi oppmodar alle turgåarar til å følge råda om å holde avstand til andre når ein ferdast ute, både i turløypa, på rasteplassar og ved turmål.

Friluftsrådet Vest har regional premiering i konkurransen. Etne kommunene har eiga premiering for barn, ungdom og vaksne som går turar i vår kommune, og premien går til den som har størst auke tal turar i høve til fjorårssesongen av TellTur i Etne.

Meir info https://www.etne.kommune.no/telltur.492483.nn.html

Tips ein ven  Skriv ut