Ida Kristin Vollum

TellTur-start 2018

Søndag 25. mars (Palmesøndag) blir det oppstart av turregistreringssystemet TellTur i vår region. 

Det er Friluftsrådet Vest som administrerer dette populære turprosjektet, saman med medlemskommunane og nokre av turlaga i distriktet.

Mange av turmåla er nye av året og har ikkje blitt presentert i TellTur før. Her er nokre av dei nye turmåla: Skrubburdnuten (Tysvær), Skomakarnibba (Vindafjord), Kjerringtuva (Karmøy) og Landsåt (Sveio). Kodane til turmåla blir utplassert i veke 8 av mange frivillige støttespelarar.

Oppstart av TellTur-sesongen 2018 blir markert med kick-off i Sveio kommune. Då arrangerer nokre av TellTur-entusiastene fellestur til Emberlandsnipen, med start frå skulen i Auklandshamn kl. 12. Her er det bare å møte opp og bli tatt med på tur av erfarne turgåarar og få ein innføring i TellTur.

TellTur er friluftsråda sin landsomfattande turportal, der du kan finne nye turmål og registrere turane dine elektronisk. Ved å bli brukar på TellTur kan du halde oversikt over turane dine og samtidig konkurrere med deg sjølv og andre om å nå stadig nye turmål, sanke poeng og vera med i konkurransar.

I 2015 blei alle 12 medlemskommunane i Friluftsrådet Vest med i TellTur: Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda, Stord, Sveio, Tysvær og Vindafjord. Dei er sjølvsagt med vidare i 2018 og.

TellTur kan nå tilby omkring 127 ulike turmål i regionen. Her skulle det vera noko for einkvar smak, frå lette nærturar i låglandet ved kysten til meir krevjande toppturar i indre strok. Du finn oversikt over kommunar, turmål, skildringar, kart og gradering på nettsidene til TellTur (www.telltur.no)

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut