Tenestetorget

MÅL: Å gi innbyggjarane og andre den hjelp dei treng i sitt møte med kommuneorganisasjonen.

I tillegg til sentralbord og informasjon generelt, kan me m.a. tilby:
• Kunnskapsprøven i alkohol og etablerarprøven etter serveringslova.
• Eigedomsinformasjon
• Handsaming av faste, enkelthøve og ambulerande skjenkeløyve
• Fordeling av all utgåande- og innkomande kommunal post
• Journalføring, skanning og offentlegvurdering av kommunen sin post
• Oversikt/vedlikehald av kommunen sitt daglegarkiv og eldre arkiv
• Administrering og ansvar for valaviklinga ved kommunestyre- og stortingsval 
• Sekretariat for eldrerådet
 

Andre ordningar som vert administrert av Tenestetorget:
• Kopiering for privatpersonar og for lag og organisasjonar
• Utsending av større postforsendingar for lag og organisasjonar
• Framfinning av eldre arkivsaker til privatpersonar
• Følgjekort for funksjonshemma (ledsagarbevis)
• Parkeringskort for funksjonshemma

Her finn du brosjyrar om kommunal informasjon og litt frå reiselivet.

Heimeside:
Tenestetorget har ansvaret for heimesida til Etne kommune. Her finn du mykje nyttig informasjon. Her kan du og melda inn arrangement som skal føregå i bygda. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Sonja Frafjord eller Ragnhild Underhaug Ness

Møtesekretæriat
Tenestetorget har ansvaret for å skrive og sende innkallingar, møtebøker, særutskrifter o.l til møte for folkevalde.
Kontaktpersonar: 
Beate Hetleflåt
Sonja Frafjord
Ragnhild Underhaug Ness

Me ønskjer deg velkommen innom til oss!

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut