Høge hekkar

Tenk tryggleik - klypp hekken i samband med skulestart!

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og buskar. Det kan føra til farlege situasjonar i trafikken. Me oppfordrar grunneigarar som har hekkar og buskar langs skuleveg om å ta ein sjekk i tida før skulestart. 

Høge buskar ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversikteleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt stuss
Folk som bur langs trafikkerte vegar må klyppe hekkar og buskar på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Å sørge for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klyppe hekk og buskar på eigedommen din. Det skal være god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halv meter
Når du står fire meter inn i avkjørselen di skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje være høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut