koronavirus

Testing av covid-19 i Etne kommune

Frå måndag 17. august treng du ikkje lenger tilvising frå fastlege og kan ringje direkte til teststasjonen.

Testing

For å hindra vidare smitte i befolkninga og sørgja for god behandling der det er nødvendig, er det ønskjeleg å få testa så mange som mogeleg av dei med mistenkt covid-19.

Vindafjord og Etne kommune har eit interkommunalt samarbeid om testing. Alle som mistenkjer at dei er smitta av Covid-19 får nå tilbod om å teste seg på teststasjonen i Ølen.

Helsetenesta tilrår Covid-19 test for:

  • Alle med nyoppstått luftveisinfeksjon eller andre symptome på covid-19.
  • Alle som kan ha blitt smittet med covid-19, enten som nærkontakt eller etter reise i land med høg forekomst dei siste 10 dagane.
     

Prøvesvar

Det tar vanlegvis eit til to døgn før svaret vert klart. Kommunen nyttar Fûrst til analysering. NB! Det blir ikkje sendt ut svar laurdag og søndag. Informasjon om prøvesvar kan du få ved å logge inn på https://helsenorge.no/ eller https://www.furst.no/. Dei fleste vil og få informasjon via sms når svaret er klart og du kan logga deg inn.

Opningstider testtelefon/ teststasjon

Telefonen er open måndag-fredag kl.8-10 og 12-15.
Testing vert gjennomført i koronatelt mellom kl.10-12. Telefonen er då stengt.

For bestilling av test ring 53 65 60 34

Ved bestilling av test er det viktig at du har heile personnummeret ditt klart for ein mer effektiv registrering.

Les meir her

Tips ein ven  Skriv ut