uten navn

Til eigarar av køyretøy som er registrert på foretak, kommunar, fylkeskommunar og stat

1. januar 2015 vert det påbud om obligatorisk brikke for køyretøy over 3,5 tonn registrert på foretak, stat, fylkeskommune eller kommune.

Statens vegvesen sendte i november ut eit skriv vedrørande obligatorisk brikke for tunge køyretøy over 3,5 tonn.

Påbudet gjeld alle køyretøy som er registrert på foretak, stat, fylkeskommune eller kommune.

 

Det betyr:

  • Alle køyretøy med tillatt totalvekt over 3,5 tonn må ha gyldig bombrikke frå 1. januar 2015.
  • Påbudet gjeld for all ferdsel på det offentlege vegnettet i Noreg, uavhengig av om det er bomstasjonar i nærleiken.
  • Hvis køyretøyet har brikke, undersøk om brikka er knytta til køyretøyets registreringsnummer.
  • Hvis køyretøyet ikkje har brikke, bestill brikke frå eit bompengeselskap (sjå www.autopass.no) eller teikn avtale og bestill bombrikke på www.autopass.no (obligatorisk brikke for tunge køyretøy).
  • Bombrikka er gratis og ein betaler kun eit depositum på kr 200,-.

Unnateke frå påbudet er køyretøy over 3,5 tonn som kun er registrert på privatpersonar og som vert brukt privat, i tillegg til traktorar, motorreiskap, ein del av forsvarets køyretøy og visse grupper av NATO-køyretøy.

 

Sjå meir informasjon om ordninga på www.autopass.no under «obligatorisk brikke for tunge køyretøy». Lurer du på meir, send epost til ap@vegvesen.no.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut