Til innbyggjarar og besøkande i Etne kommune

Sommaren er komen, og mange gler seg til ferie og reiser. Me minner om reiseråd frå utanriksdepartementet; «UD fraråder alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land.» Sjå UD sin reiseinformasjon på følgande lenke: https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/reiseinformasjon/id2413163/

I Etne kommune er smittetrykket lågt og me håpar det vil fortsetta slik. For at alle skal få halde seg friske, er det viktig at me tar med oss dei tre viktigaste råda for å avgrensa smitte i samfunnet:

  1. Viss du er sjuk, hald deg heime til du er frisk att
  2. Vask hender eller bruk handdesinfeksjon
  3. Hald 1 meter avstand til andre enn dine næraste
     

Ved akutt luftvegsinfeksjon:

Typiske symptom er feber, tungpusta, hoste, sår hals, tap av smak og luktesans og/eller nedsatt allmenntilstand. Hald deg heime, og unngå kontakt med andre.

Kontakt legekontoret i Etne på telefon 53758100 eller bruk sms tenesta, sjå lenke (https://www.etne.kommune.no/lege.498332.nn.html). Me oppmodar publikum som er busett i nabokommunar med mindre enn 2 timars reiseveg å ta kontakt med fastlege i heimkommunen for testing.

Testing og legeundersøking av luftvegssjuke føregår i Ølen på den interkommunale luftvegsklinikken, berre etter førehandsavtale. Koronatesting er gratis.


Mange må i karantene når dei reiser inn i Norge. Gjelder dette deg? Oversikten finn du

www.helsenorge.no/coronavirus  (English) https://helsenorge.no/koronavirus  (Norsk)

Har du spørsmål om korona?

Sjekk www.Helsenorge.no eller ring Koronatelefonen 81555015 (8.00-15:30)


Ha ein god sommar!

Helsing Elisabeth Winterthun
Kommuneoverlege

Tips ein ven  Skriv ut