Dagopphald

Til pårørande og bebuarar ved Etne og Skånevik omsorgssenter og Gjerdsrabbane bufellesskap

Kommunen sin institusjon og bustader med heildøgnsbemanning, har no vore stengt for besøkande i ca ei veke. Det er aldri kjekt å stenge ein institusjon/heildøgnsbemanna bustad, då me veit at besøk er verdifult for både bebuarar og pårørande. Noreg og Etne er i ein svært alvorleg situasjon mht covid19. Erfaringane frå andre land, og byar i Noreg, viser at viruset er svært smittsamt, og me veit at det kan vere alvorleg for dei eldre å bli smitta av viruset. Me ønskjer så langt det er mogleg å redusere faren for å få smitte inn i institusjon, og derfor har me gjort ulike tiltak. Dette er gjort for at me skal kunne ivareta bebuarane våre på ein best mogleg måte, slik at dei ikkje blir smitta. Me føl nasjonale retningslinjer for dei tiltaka me har sett igong, og de skal vera trygg på at me skal gjere alt me kan for å ta vare på din/dine kjære så langt me kan få det til.

Mange har tatt kontakt med oss om ulike problemstillingar, og me vil prøva å svare på spørsmåla som lista opp under:

Er sjukeheimen heilt stengd?
Ja, den er stengt for besøkande. Kun tilsette på dei ulike avdelingane og enkelte fagfolk vil få tilgang. Dersom det oppstår særskilte situasjonar så vil me vurdera dette fortløpande.

Kvifor er det så strenge tiltak?
Mange av våre bebuarar har tilleggssjukdomar som gjer dei ekstra sårbare for Coronavirus og som kan gje alvorleg sjukdom. Det er per no ingen vaksine eller medikamentell behandling for covid19, så reduksjon av smitte er til no det einaste tiltaket me kan gjere for hindre sjukdom.

Kva tiltak er iverksett ovanfor dei tilsette?
Tilsette med feber og luftveissymptom må vera heime og blir vurdert for testing for covid 19 av fastlege. Dei må opphalde seg heime fram til negativt prøvesvar føreligg og dei har vore symtomfri i eit døgn. Skulle ein tilsett vera smitta, så vil den vere i isolasjon per i dag til 7 dagar etter siste symptom.

Dei tilsette har fått ekstra opplæring i smittevern og nye rutinar er på plass.

Personalet vårt er ikkje lenger samla i pausar, då det ikkje er anledning til å opphalde seg saman meir enn 15 min med 1-2 m avstand.

Kan eg gje ei gåve til min familie/venn?
Me oppfordrar til minst mogleg levering av gåver til stengt dør. Skulle du likevel ha behov for å levere gåve/anna til institusjon/bemanna bustad, så vil ein sette dette i karantene i ca 24 timar, før bebuar vil få den til rommet sitt. Blomar vil ein kunne få på rommet kort tid etter levering. Me tek ikkje imot mat som er «heimalaga» eller utan emballasje.

Vil det bli endringar i helse- og omsorgstenestene som innbyggarar mottar frå kommunen?
Ved stort fråver hos tilsette og/eller mange sjuke innbyggarar, så kan ein få eit redusert tenestetilbod. Ein vurderer frå dag til dag, og ein trekk ikkje tenestenivået ned, viss det ikkje er nødvendig. Skulle det bli ei krise der ein manglar folk til å utføre oppgåver, så vil me fortløpande vurdere korleis ein kan løyse dette på best mogleg måte. Du vil som tenestemottakar få melding om dette.

Kvifor og korleis nyttar ein dei frivillige hjelperane?
Det er planlagt for at tenestene kan komme til eit punkt grunna covid19 der me har mange pasientar med større behov og stort fråver hos tilsette. Då vil det truleg vera behov for fleire hender, og me må kanskje nytte oss av frivillige for å kunne å utføre dei oppgåver som brukarane våre treng.  Me har iverksett tiltak med å få på plass fleire vikarar, og studentar/andre med helsefaglege bakgrunn har meldt seg til teneste om det skulle vera behov. Per nå har me nok tilsette til å ivareta dei oppgåver som skal utførast.

De som pårørande kan vera frivillige hjelparar når me får behov for det. Som frivilig vil ein få oppgåver å utføre som er avtala på førehand. Det vil vera praktisk bistand til bebuarar som ikkje er knytt til fagleg medisinske oppgåver.. Det kan t.d. vera: Kjøkkenoppgåver, matombering, merkantile oppgåver mm

Ein må pårekne å måtte utføre oppgåver for alle bebuarane ved omsorgsenteret/heildøgnsbemanna bustad. Ønskjer du å vera frivillig hjelpar når me får behov, så kan du melde deg til frivilligsentralen som hjelper oss å koordinere frivillig arbeid. Trykk på lenka under:

Påmelding for frivillige

eller ta kontakt på telefon 902 38 354.

Korleis kan eg kommunisere med dei som bur på institusjon?
Me vil anbefale at alle som har utstyr (Ipad, smart-telefon e.l) og evne til å bruke elektronisk kommunikasjon nyttar dette. Ein kan sjølvsagt ringa, skriva brev eller kort. De kan òg sende mail, som me tar ut og legg i konvolutt og leverer som post.  Me arbeidar for å få på plass tiltak for å kunne kommunisere digitalt slik at fleire kan få sjå og snakke med sine kjære. Meir informasjon kjem.

Kan bebuaren forlate sjukeheimen?
Ja, men me tilrår det ikkje. Me vil ikkje nekta bebuarar å forlate nokre av avdelingane med mindre dei har eit vedtak om det, men me må vera ekstra oppmerksomme ved retur til institusjonen/bemanna bustadane, om at dei ikkje er utsett for smitte av Coronavirus. Det vil kvila eit ekstra ansvar på pårørande om å halde smitterisikoen låg, dersom ein forlet sjukeheimen.

Etne 23.3.20

Elisabeth Gunleiksrud, kommuneoverlege

Hilde Høyland, konstituert kommunalsjef helse og omsorg

Tips ein ven  Skriv ut