Tildelte midlar frå Fylkesmannen

Fylkesmannen har etter søknad tildelt Etne kommune kr. 900.000 til kommunalt rusarbeid.

Midlane skal nyttast til tilsetting av ruskonsulent og erfaringskonsulent. Det er ikkje krav til kommunal medfinansiering. Den opprinnelege søknaden var på kr. 1 400 000. Prosessen med utlysing tek til så snart som mogleg.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut