Coronamutasjon

Tilrådingar for å avgrensa smitte med mutert Koronavirus for Etne kommune

Regjeringa har nå gått ut med kraftige tiltak i 10 kommunar som har smittespreiing med mutert Koronavirus, kalla UK Koronavirus. I tillegg har ytterlegare 15 kommunar fått innskjerpa tiltak som skal  avgrensa mogleg smittespreiing. Kommunane dette gjeld er : Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Oslo, Vestby, Våler og Ås (Kraftige tiltak) Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde, Skiptvedt (Skjerpa tiltak).

Me frårår alle reiser til dei ovanfornemnde områda som ikkje er strengt nødvendige.
 
Me oppfordrar alle som kjem tilbake til Etne kommune om å væra ekstra varsame med kor mange ein omgåast med.
 
Me tilrår å unngå besøk til eldre og sårbare personar dei fyrste 10 dagane etter at ein er tilbake frå aktuelle område.
 
Me oppfordrar alle som har vore i dei aktuelle kommunane om å være særskilt merksame på om dei utviklar korona-symptom. 
 
Sjølv lette symptom som nyoppstått hovudverk, sår hals, naseforkjøling, hoste eller feber må medføre at ein testar seg og ein må være i karantene inntil svar på testen føreligger.
 
Har ein i løpet av dei siste 10 dagane hatt nærkontakt med nokon som har hatt opphald i ein av disse kommunane, må ein visa varsemd, og ha låg terskel for å testa seg.
 
Ein bør ikkje gjennomføra besøk på sjukeheim og omsorgsbustadar dei første 10 dagane etter heimkomst frå desse kommunane. Om ein allereie har vore på besøk hos brukarar i institusjon eller heimetenesta siste 10 dagane, kort tid etter opphald i ein av desse kommunane, ynskjer me at du tek kontakt med heimetenesta/Etne Omsorgssenter. 
 
Dersom du har testa deg utan å ha symptom etter å ha kome tilbake frå dette området bør du likevel følgja råda om å vera varsam og følgje godt med på eiga helse. Du må testa deg på ny dersom du får symptom på Covid-19.
 
I denne tida er dei vanlege smittevernstiltaka dei viktigaste
 
Hald avstand - hald hendene reine og hald deg heime om du er sjuk. Ta ein koronatest om du har symptom.
 
Bjørn Tollefsen                                                                             Elisabeth Winterthun
Kommunedirektør                                                                        Kommuneoverlege
Tips ein ven  Skriv ut