Drenering

Tilskot til drenering av jordbruksjord 2018

Etne kommune har i år fått 100 000 kroner som etter søknad kan løyvast til dreneringstiltak i jordbruksjord. 

Søknadar om tilskott til drenering blir handsama fortløpande av kommunen.

Tilskott kan gjevast til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Planerte areal er frå 1. januar 2016 unntatt vilkåret om at arealet tidlegare skal vere grøfta.

Tilskott kan ikkje gjevast der tiltaket medfører vesentleg skade for annan eigendom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne.

Tilskott kan ikkje gjevast  der tiltaket er byrja på før tilskott er løyvd.

Tilskott til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2 000 kroner per dekar frå 1. juli 2017. Ved anna grøfting kan det gjevast 30 kroner per løpemeter grøft avgrensa oppover til 2 000 kroner per dekar.

Informasjon frå Landbruksdirektoratet og søknadsskjema: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/om-tilskudd-til-drenering-av-jordbruksjord

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut