Drenering_Voss

Tilskot til drenering av jordbruksjord er dobla

1. juli 2017 blei tilskotet til drenering dobla til 2 000 kroner per dekar eller 30 kroner per løpemeter.

I årets jordbruksforhandlingar blei partane einige om å legge større vekt på drenering som klima- og miljøtiltak gjennom å doble tilskotssatsane for drenering. Satsane har auka til kr 2.000,- per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving av myr. For usystematisk grøfting inkludert avskjæringsgrøfter mm har satsen auka til kr 30,- per løpemeter, avgrense til maksimalt kr 2.000,- per dekar. Endringane i satsane gjeld gjelder for søknader sendt inn etter 1. juli 2017.

Dersom søknaden om tilskot er levert før 1. juli

Søkjarar som har fått innvilga tilskot med gamle satsar før 1. juli kan sende ny søknad om å få løyving etter dei nye satsane, men berre dersom arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er påbegynt. Kommunen kan da gjere nytt vedtak om tilskot etter nye satsar, som inneber at tidlegare vedtak om tilskot blir trekt tilbake. Det er heilt avgjerande at ein ikkje har starta på arbeidet med dreneringa. Etter forskriftens § 3 kan det ikkje bli gitt tilskot der tiltaket er påbegynt. Dette betyr at det ikkje kan bli gitt tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle. 

For søknader som kommunen har motteke, men ikkje handsama før 1. juli, vil kommunen innvilge tilskot etter nye satsar. Det er ikkje nødvendig å sende ny søknad.

God drenering er avgjerande

Det har så langt i 2017 vore ei vekstsesong med jamt mykje nedbør. Mange bønder har grunna vanskelege innhaustingsforhold, hatt ein svært sein 1. slått. Auka dreneringsinnsats er eit av fleire heilt naudsynte tiltak for å sikre gode tilhøve for alt arbeidd med innmarka, god utnytting av tilført næring, betre plantevekst, redusert jordpakking og avrenning, redusert klimagassutslepp frå innmark og god utnytting av vekstsesongen.

Dersom ein planlegg å setje i gang eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra kan ein fylle ut søknadsskjemaet utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Legg ved kart, plan for dreneringa og miljødokumentasjon, og send til kommunen der arealet ligg.

Tilskot til drenering, Fylkesmannen i Hordaland

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut