Drenering_tilskot

Tilskot til drenering i 2012

For første gong på mange år er det no mogleg å få tilskot til fornying av grøfter.

Søknadsfristen er 19. oktober 2012. Pengane er løyvd frå Hordaland Fylkeskommune som ein del av klimatiltaka i landbruket.

Frigjort lystgass frå jordbruksaktivitet er ei av kjeldene til klimagassutslepp. Tiltak som kan minske dette er viktige steg på vegen mot eit meir klimanøytralt landbruk i Hordaland. I vassmetta jord blir nitrat frå gjødsling direkte omdanna til lystgass (N20) og nitrogengass (N2) ved denitrifikasjon. På godt drenert jord blir nitrat derimot tilgjengeleg for plantevekst og mindre lystgass blir frigjort. Eit godt fungerande dreneringssystem med god kapasitet er i tillegg viktig for å stå betre rusta til å møte dei venta utfordringane av meir nedbør i framtida.

Tilskotet gjeld reparasjoner på tidlegare dyrka jord. Det er ikkje tilskot til drenering ved nydyrking.

Les meir her

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut