SMIL

Tilskot til drenering og særskilte tiltak i landbruket

Nå kan du søke om midlar til særskilte tiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL) og til drenering av jordbruksjord for 2020

Tilskott til særskilte tiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)

Etne kommune har i år fått 370.000 kroner som etter søknad skal løyvas til kulturlandskapstiltak i landbruket.  Det kan søkjast om tilskott til beiterydding av tilgrodd beitemark, inngjerding i samband med beite/kulturmark, restaurering av steingjerde, tilrettelegging for auka tilgjenge og oppleving, kulturminne og kulturmiljø, leplanting, styvingstre og andre miljøtiltak og restaurering av freda og verneverdige bygg.   Det er også  mogeleg å få SMIL-tilskott til å hindre erosjon og avrenning til vassdrag. Frå 2017 vart forskrifta endra slik at eigar som leigar ut areal kan søkje SMIL-tilskot når leigetakar driv tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedommen. Frist for søknad er 1. mai.  Informasjon frå Landbruksdirektoratet og søknadsskjema:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/om-tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket

 

 

Tilskot til drenering av jordbruksjord 2020

Etne kommune har i år fått 250 000 kroner som etter søknad kan løyvast til dreneringstiltak i jordbruksjord. Søknadar om tilskott til drenering blir handsama fortløpande av kommunen.

Tilskott kan gjevast til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Tilskott kan ikkje gjevast der tiltaket medfører vesentleg skade for annan eigendom og naturmangfald, vesentleg fare for flaum og vassforureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne.Tilskott kan ikkje gjevast  der tiltaket er byrja på før tilskott er løyvd. Tilskott til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2 000 kroner per dekar frå 1. juli 2017. Ved anna grøfting kan det gjevast 30 kroner per løpemeter grøft avgrensa oppover til 2 000 kroner per dekar. Informasjon frå Landbruksdirektoratet og søknadsskjema:

https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/om-tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket

Tips ein ven  Skriv ut