Illustrasjon låginntekt

Tilskot til inkludering av barn i låginntekts-familiar

Både private, offentlege og frivillige aktørar kan søkja. Tilskotet skal gå til kultur-, fritids- og ferieaktiviteter.

Målet med tilskotsordninga er å motverka og/eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom, slik at fleire får høve til å delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, utan omsyn til foreldrene si inntekt og sosiale situasjon. Tilskota legg til rette for å utvikla tilbod spesielt for målgruppa, men tilbod som også er til glede for breidda av barn og ungdom. Døme på tiltak som har fått støtte: Utlånspool for utstyr til idrett og musikk, ferieklubb, aktivitetsfond som dekker kostnader til deltaking på turneringar/cupar, kulturkort, og mykje meir!

I fjor fekk offentlege og frivillige aktørar i Etne kommune  utbetalt 142.000 kr i tilskot. (Etne klatreklubb til «Likestilte barn» , og Etne kommune til «Kulturell feriedag»).
Sjå døme på tiltak som fekk tilskot her:
Bufdir - døme på tiltak

Både private, offentlege og frivillige aktørar kan søkja. Tilskotet skal gå til kultur-, fritids- og ferieaktiviteter.

SLT koordinator Liv Ellen Ebne, tlf 917 79 235 er kontaktperson, og SLT-arbeidsutvalet har ein knutepunktfunksjon.

Søknadsfrist 10. desember 2018. Tiskotet gjeld for perioden 1. mars 2019 – 28. febr. 2020.

Meir informasjon og søknadsskjema: Bufdir - Informasjon og søknadsskjema

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut