Illustrasjon låginntekt

Tilskot til inkludering av barn i låginntekts-familiar

Både private, offentlege og frivillige aktørar kan søkja. Tilskotet skal gå til kultur-, fritids- og ferieaktiviteter.

Tilskotsordninga frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Tidlegare Inkludering av barn i lavinntektsfamilier/ Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom) gir både frivillige organisasjonar, kommunale tenester og private aktørar høve til å gi eit rikare aktivitetstilbod til barn og unge, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Større tilgang til rimelege eller kostnadsfrie ferie- og fritidstilbod kan redusere belastninga av å vekse opp i en familie med svak økonomi, og bidrar til at fleire barn og unge får delta på viktige sosiale aktivitetar.

Tilskotsordninga støttar eit breitt spekter av tiltak, men i særleg grad ferie- og fritidstilbod, utlånssentralar og kvalifiserande tiltak som sommarjobb og arbeidstrening.
Dei to siste åra har søknader frå kommunen vår fått ca 180.000 kroner i tilskot. Kultureininga fekk til Kulturdagen for barn og unge, og Klatreklubben og Karateklubben har begge fått til inkluderande tiltak i sine idrettsgreiner.

Søknadsfristen er 13. desember
for tiltak i perioden 1. mars 2020 -1. mars 2021.

Kommunen sin kontakt for ordninga er SLT-koordinator Carina.Hornenes@etne.kommune.no tlf 917 79 235

Meir info og søknadsskjema finn du her https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/
Lurt å studera retningslinene før de skriv søknaden!

Kikk gjerne på lista over tiltak som har fått støtte tidlegare år, - mange gode tips og kroner å henta! (Hordaland frå side 50).
https://www.bufdir.no/globalassets/global/tilskudd-bruk-denne/barnefattigdom/tildeling-2019/innvilgede-enkelttiltak-kommuner-2019.pdf

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut