Illustrasjon låginntekt

Tilskot til inkludering av barn og unge

Ordninga er ei nasjonal tilskotsordning frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, og både private, offentlege og frivillige aktørar kan søkja.

Tilskotet skal gå til kultur-, fritids- og ferieaktivitetar. Nytt av året er tilskot til utprøving av metodar/arbeidsmodellar og koordinering av samarbeidet mellom tenester. Føremålet med ordninga er å bidra til at alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon, skal ha høve til å delta fast i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre.

Tilskotsordninga støttar eit breitt spekter av tiltak, men i særleg grad ferie- og fritidstilbod.
For frivillige organisasjonar som søkjer om tilskot direkte til Bufdir under punkt 1a) i regelverket, må tiltaket omfatta deltakarar i målgruppa frå minst fem kommunar (tidligare var kravet tre kommunar). Samarbeid med nabo-organisasjonar og/eller søknad via regional-/fylkesledd er difor aktuelt.

Søknadsfristen er 4. desember
for tiltak i perioden 1. mars 2021 -1. mars 2022.

Kommunen sin kontakt for ordninga er SLT-koordinator Liv.Ellen.Ebne@Etne.kommune.no tlf 917 79 235.

Meir info og søknadsskjema finn du her https://bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/
Lurt å studera retningslinene før de skriv søknaden!

Kikk gjerne på lista over tiltak som har fått støtte tidlegare år, - mange gode tips! (Vestland fylke frå side 119).
https://bufdir.no/globalassets/global/tilskudd-bruk-denne/barnefattigdom/tildelinger-2020/innvilgede-enkelttiltak-kommuner-2020.pdf

Tips ein ven  Skriv ut