Barn_smiler_clip

Tilskot til lag og organisasjonar

Kultureininga i Etne kommune deler også i år ut driftstilskott til lag og organisasjonar som driv med ulike idrettsaktivitetar, musikk og song og generelt barne- og ungdomsarbeid. 

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på https://www.etne.kommune.no/tilskotsordningar.372705.nn.html 
Søknadsfrist 15. mars 2018.


Me minner også om tilskotsordningane

Den kulturelle skulesekken som skal medverka til at elevar i skulen får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag.

Den kulturelle spaserstokken som har som mål å sørgja for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre.

Organisasjonar, institusjonar og andre kan søkja om midlar til arrangement som kjem inn under desse målsetjingane. Det kan søkjast om tilskott gjennom heile året. Ordninga har ikkje eige søknadsskjema, men skriftleg søknad må innehalda omtale av tiltaket, målgruppe og budsjett.

Ta kontakt med kulturkontoret tlf 53 75 81 28 dersom du har spørsmål eller vanskar med utfylling av søknad.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut