SMIL

Tilskot til særskilte tiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)

Etne kommune har i år fått 270.000 kroner som etter søknad skal løyvas til kulturlandskapstiltak i landbruket.  

Det kan søkjast om tilskott til beiterydding av tilgrodd beitemark, inngjerding i samband med beite/kulturmark, restaurering av steingjerde, tilrettelegging for auka tilgjenge og oppleving, kulturminne og kulturmiljø, leplanting, styvingstre og andre miljøtiltak og restaurering av freda og verneverdige bygg. Det er også  mogeleg å få SMIL-tilskott til å hindre erosjon og avrenning til vassdrag. Frå 2017 vart forskrifta endra slik at eigar som leigar ut areal kan søkje SMIL-tilskot når leigetakar driv tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedommen.

Frist for søknad er 1. mai. 

Informasjon frå Landbruksdirektoratet og søknadsskjema: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/hvordan-soke#kven-kan-soekje-smil-midler-

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut