Utsikt_Herdla

Tilskot til utsiktsrydding

Tilskot til utsiktsrydding vart innført sommaren 2016. Hordaland fekk tildelt 5 millionar kroner og arbeidet er i gong. Til saman ti ryddeprosjekt i fylket har fått midlar. Fleire millionar er tilgjengelege, difor ønskjer vi fleire gode prosjekt.  

Landbruket sitt kulturlandskap er eit resultat av mange generasjonar med busetting og ressursutnytting. Endringar i driftsmåtane har skapt eit landbrukslandskap prega av historisk bruk og moderne driftsmetodar. Attgroing er ei ulempe for landbruket, men også for reiselivet, som ei næring i vekst. I eit forskingsprosjekt frå 2012 om reiseliv, kulturminner og attgroing, vart det blant anna konkludert med at om kontrastane og variasjonane i landskapet forsvinn, saman med spor etter folk og busetting, forsvinn også det særeigne med det norske kulturlandskapet og opplevingsverdien for turistane.

Tilskot

Landbruks- og matdepartementet lanserte våren 2016 ei ny tilskotsordning, der grunneigarar og andre kan søkje om tilskot til utsiktsrydding. Forskrift om tilskot til utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap vart fastsett våren 2016 og heile 20 millionar kroner sett av til fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I Hordaland finn me mange vegstrekningar og utsiktspunkt med trong for utsiktsrydding. Særleg i Indre Hardanger, med dei karakteristiske frukthagane rundt Folgefonnahalvøya der vegen går langs fjorden, vil tiltak vere av stor verdi. Også langs dei smale vegane i Nordhordland, på Voss og i Sunnhordland trengst eit ryddingsløft ved utsiktspunkt og raste- og møteplassar. Fylkesmannen oppmodar kommunane til å spreie informasjon om tilskotsordninga og bidra lokalt til at arbeidet kjem i gong. 

Prosjekt i 2016 

Til saman ti prosjekt med hogst og rydding er godkjende for tilskot i 2016. Alle søknadene vart godkjente med kostnader og tilskotsandel. Dei fleste prosjekta har planlagd start i 2016 og skal vere ferdige innan 1-2 år. Om lag halvparten av prosjekta har plan for vedlikehald med beitedyr etter at ryddinga er utført. Kommunane har ansvar for å kontrollere at utsiktsryddinga vert utført i høve plan, før midlane vert utbetalt. Utsiktsrydding vert no utført ved Lykling i Bømlo, Fyksesund i Kvam, Postvegen i Etne, Herdla på Askøy, Valevåg i Sveio, Rolvsvåg i Samnanger, Erslandsvatnet i Bømlo og Havråtunet på Osterøy. 

Vilkår for tilskot

Områda som skal ryddast må vere av verdfull karakter for landbruket og reiselivet. Rydding av skog og vegetasjon skal gje auka utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt. Vyrkje skal om mogleg nyttast til bioenergiføremål. Søkjer av tilskot kan anten vere ein privat eller offentleg aktør, og registrert som føretak i Einingsregisteret. Tilskot vert ikkje gjeve til gjerding eller beiting som følgjer etter utført rydding. Fristen vert normalt 2 år for utført arbeid.

Søknadsprosess 2017

Søknad om tilskot skal sendast til kommunen der tiltaket skal utførast. Kommunen skal gje uttale til tiltaket og Fylkesmannen fattar vedtak om tilskot. Søknaden må skildre tiltaket med kostnadsoverslag, kart og fotodokumentasjon. Vidare må det vere ein 3 års plan for vedlikehald av arealet. Retningsliner og søknadsskjema er utarbeida og ligg her på høgre side. I alle prosjekt vert det viktig å finne dei gode samarbeidspartnarane og å prioritere dei viktigaste ryddepunkta etter skogfaglege og trafikktryggjande synspunkt. For 2017 får tilskotsordninga to søknadsfristar, 1. mars og 1. september.  

Utbetaling av tilskot                          

Fylkesmannen kan godkjenne inntil 70 % tilskot av kostnadane. Utbetaling kan skje undervegs i arbeidet og etter fullført tiltak.

Sjå sida til Fylkesmannen i Hordaland

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut