Gjeldande tilskotsordningar for frivillige lag og organisasjonar

KVEN KAN FÅ TILSKOT?
Etter søknad kan det frå kulturbudsjettet ytast driftstilskot til lokale og interkommunale lag og organisasjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Etne kommune.
For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda.
Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.
Unnateke frå stønad er yrkes- og næringsorganisasjonar, og politiske parti med deira underorganisasjonar.
For tildeling av tilskot gjeld nærare reglar som er omtala under.
Delegert jfr. pkt. 6.15 i reglementet.

DRIFTSTILSKOT:

Driftstilskot blir ytt til lag og organisasjonar med kontinuerleg verksemd under tre tilskotsgrupper med øyremerkte budsjettpostar:

1. Idretts- og skyttarlag
2. Musikklag/songkor
3. Barne-/ungdomslag.

Søknad på søknadsskjema innan 15. mars vedlagd årsmelding og revidert årsrekneskap.

Søknadsskjema:
Driftstilskot til lag og organisasjonar
 

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL DRIFT AV LAG OG ORGANISASJONAR:

1. Driftstilskot til kulturorganisasjonar blir tildelt på grunnlag av søkjarane sin reviderte resultatrekneskap frå siste år.
2. Tilskostsummen blir fastsett kvart år av kommunestyret, og blir fordelt mellom søkjarane etter same prosentdel som den enkelte søkjar sine netto driftsutgifter utgjer av søkjarane sine samla driftsutgifter. Tilskotssummen for kvar søkjar skal rundast nedover til næraste 100 kroner.

  • Idretts- og skyttarlag blir tildelt tilskot etter fordelingsnøkkel vedteken av Etne Idrettsråd. Komite Folk 35/96.
    Tilskotspotten blir fordelt med 50% i eit likt grunnbeløp per lag og resterande 50% etter medlemstalet i kvart lag.
    Etne Idrettsråd betalar ut tilskotet til laga.  
    (Utanom kulturbudsjettet kjem kommunale tilleggsytingar til idrettsaktivitetar for vedlikehald/drift av kommunale idrettsanlegg og reklameinntekter på desse idrettsanlegga)
  • Musikklag og songkor blir tildelt tilskot etter eigne retningsliner vedtekne av Etne Musikkråd.
    * Barn blir prioritert framfor vaksne
    * Det blir lagt vekt på aktivitet og planar
    * Søknaden må visa kva pengane skal brukast til
    Etne Musikkråd betalar ut tilskotet til laga.

3. For interkommunale organisasjonar med medlemer i Etne kommune vert det utbetalt tilskot etter 1/3 av dei dokumenterte driftsutgiftene.
4. Maksimalt tilskot for ein organisasjon er 20.000,-. Alle tiltak/undergrupper høyrer til under hovedorganisasjonen,og kan ikkje vera sjølvstendig søkjar.
5. Forsamlingshus vert ikkje rekna som organisasjon i denne samanheng.
6. Driftstilskot blir ikkje tildelt lag som:
- har eit rekneskapsoverskudd større enn sist tildelte tilskot, dette gjeld ikkje lag med overskot mindre enn 2.500,-.
- har oppsparte midlar tilsvarande 5 gonger utrekna tilskot.
- har oppsparte midlar tilsvarande 10 gonger utrekna tilskot avsett til øyremerka føremål.
Lån som laget har går i fråtrekk på "oppsparte midlar".
Tilskot/gåver til andre blir ikkje godkjent som driftsutgifter, men skal dokumenterast i årsoppgjeret som disponering av årsoverskotet.
7. Søknader utan revidert resultatrekneskap og årsmelding blir ikkje handsama.
8. Minimum 10 medlemer skal vera busette i Etne kommune.
9. Unytta tilskotsløyvingar ved siste tildeling kvart år blir delegert til kultursjefen å tildela lag og organisasjonar etter skjønn. Tildelinga skal følgja budsjettpostar/lag kategori og bør følgja påskjønningsprinsippet utifrå til eikvar tid prioriterte tiltak. 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut