Tilskotsordningar

Kommunalt driftstilskot til lag og organisasjonar 

Tilskot til drift av ideelle lokale og interkommunale lag og organisasjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i kommunen.

 

Fond kraftkontrakten

Primært blir det gitt støtte til prosjekt, tiltak og aktivitetar av eingongskarakter, men også investeringar i varige driftsmidlar. Støtte kan gjevast i form av både lån og direkte tilskot, og gjeld for Etne El-lag sitt tidlegare konsesjonsområde (Etnebygda med Stordalen og Kyrping).

 

Den kulturelle spaserstokken 

Tilskot til arrangement eller prosjekt med profesjonell kunst- og kulturformidling for eldre i kommunen.

 

Den kulturelle skulesekken

Satsingsfelt som har som mål å gi elevar i skulen eit profesjonelt kulturtilbod. Programmet blir fastlagt av den enkelte skulen i hovudsak som eit samarbeid med Kultur i fylket og kommunen innafor økonomiske rammer.
Kulturaktørar kan ta kontakt for å presentera idear om lokale opplegg som passar under målsetjinga for tilskotsordninga.

 

Spelemidlar 

Tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, kulturbygg og friluftslivsanlegg i kommunen.

 

Andre tilskotsordningar

Det finst eit mangfald av private, fylkeskommunale og statlege tilskots- og sponsorordningar til ulike kulturformål. Vedlegget gir ein peikepinn. VIKTIG: Kontroller gjeldande reglar og fristar for ordningar de vurderer å søkja! Skjemaet er ikkje 100% oppdatert til ei kvar tid. Tips oss gjerne om ordningar som manglar (eller har gått ut).

Lokale og regionale støtteordningar.pdf
Fylkes- og nasjonale støtteordningar.pdf

For spørsmål og rettleiing ta kontakt med Kulturkontoret:
Morten Odéen morten.odeen@etne.kommune.no tlf 53 75 81 24
Liv-Kari Bødtker liv.kar.bodtker@etne.kommune.no tlf 53 75 81 28

Tips ein ven  Skriv ut