Corona

Tiltak for Etne kommune frå 16.11.

Smittesituasjonen i Etne kommune har den siste veka vore prega av stadig nye smittetilfelle som har ramma begge bygdene våre. 

29 personar har til no blitt smitta av viruset, og nesten 100 personar sit no i karantene. Viruset smittar gjennom dropar i lufta, og berre ved å halda avstand til andre kan ein unngå å bli smitta. Me har observert at ein avstand på 1 meter ikkje alltid er nok, og difor tilrår me no at alle bør halda god avstand (minst 2 meter) til kvarandre.

Me må ta vare på kvarandre og vel å verna dei eldste ekstra godt. Me stengjer difor dørene til sjukeheimen i Etne for besøk den komande veka. Sjå tiltaka under. Ingen born eller ungdomar er til no råka av viruset i Etne. Gjennomsnittsalderen er 52 år på dei som er smitta i kommunen. Det er like mange menn som kvinner. Det er fleire smittekjelder, men dei fleste er smitta lokalt i kommunen.

I Etne kommune vel me nå å gje ei sterk tilråding om følgjande tiltak for å stansa Covid-19 smitten i lokalsamfunnet vårt:

 

Tiltak for Etne kommune
Gjeld frå 16.11.20 kl. 01.00 til søndag 22.11.20

  • Sjukeheimen blir stengt for besøk i perioden 16.11. tom 22.11.
  1. Unntak for besøksreglane ved spesielle høve, som besøk i livets sluttfase.
  2. Bemanna omsorgsbustadar er ikkje stengde men ein tilrår at ein ikkje gjennomfører besøk i same periode.
  • Arrangement:
    • Tilrådinga er å gjennomføre færrast moglege arrangement
    • Ein tilrår å ikkje samle fleire enn 20 personar på arrangement på offentleg stad.
       
  • Heimekontor for alle som må nytta offentleg transport eller sit i kontorlandskap.
     
  • Me tilrår at alle held 2 meter avstand (utanom i husstanden) der det er mogeleg.
     
  • Personar som er i risikosona bør unngå nær kontakt med andre.
     
  • Tilrår stans i breiddeidretten for både born og vaksne der ein ikkje kan halda 2 meter avstand.
     
  • Ein tilrår bruk av munnbind i alle situasjonar kor ein ikkje kan halda minst 1 meter avstand. Ein tilrår bruk av munnbind på kollektivtransport, unntak er skuleskyss for born under ungdomsskulealder og personar som ikkje kan nytte munnbind av helsemessige årsaker. Ein tilrår bruk av munnbind i drosje.

 

Tips ein ven  Skriv ut