Tiltakspakke Demens | |||||
Oppdatert: 01.09.2020 10:32 | |||||
Generelt | |||||
Omtale Tiltakspakke demens er ein modell som inneber ei strukturert , fagleg og individuelt tilpassa oppfølging av heimebuande personar med demens og deira pårørande. Målet er at personar med demens skal få bu lengst mogleg i eigen heim, og at pasient og pårørande skal oppleva tryggleik og støtte. Modellen byggjer på prinsippa for personsentrert omsorg. Tiltakspakke Demens er ei kommunal teneste som inneber at :
Pasientens fastlege blir i etterkant informert om helsetilstand via elektronisk melding i kommunens elektroniske journalsystem. Hensikt Hensikta med tiltakspakke for demens er å kunne følgje med på pasientens demensutvikling, for å kunna tilby og sette inn riktig hjelp til rett tid. Ved regelmessige besøk i heimen vil ein få kartelegge behova til både pasient og til pårørande. Oppfølgingsbesøka er ein gang kvar månad og har ein varighet på omlag 1,5 t | |||||
Målgruppe Heimebuande personar som har fått ein demensdiagnose. Pasienten kan ha kome i kontakt med Demenskoordinator via henvisning frå fastlegen om demensutgreiing eller bli henvist via fastlege/ spesialisthelsetenesta i etterkant av diagnose. Pasienten kan også sjølv ta kontakt med demenskoordinator for å søke om Tiltakspakke demens. | |||||
Kriterium/vilkår Tiltakspakke for demens er ei teneste for dei som har fått ein demensdiagose og som bur i eigen bustad. Tenesta gjeld fram til pasienten ikkje lenger kan bu i eigen heim.
| |||||
Regelverk | |||||
Sjå tenestestandar helsetenester i heimen | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Sjå tenestestandard helsetenester i heimen | |||||
Skjema Søknad om helse- og omsorgstenester | |||||
Søknaden sendes til Etne Kommune, v/pleie og omsorg, Sjoarvegen 2, 5590 Etne | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2020-09-01 10:32 |