Tømmer

Tømmertransport på Kvammen-vegen

Det er gitt dispensasjon til Nortømmer AS til å kjøre med kjøretøy opp til 8 tonn akseltrykk på den kommunale vegen.

Transporten starta opp måndag 24. september og vil føregå dei neste 14 dagane. Deretter vil det bli ei veke opphald for så å ta ein ny runde.

Dispensasjonen er tidsavgrensa og gjeld til og med den 31. desember 2012.

Kjøringa skal føregå til følgjande tider:
- før kl. 08.00
- mellom kl. 10.15 og 14.30
- mellom kl. 15.30 og 19.30
- etter kl. 21.00

Vegen kan vere periodevis stengt. Stengetida skal ikkje overstige 15 minutt om gongen.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut