Tora

Tora Haslum Myklebust blir ny dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tora Haslum Myklebust er tilsett som ny dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Myklebust overtar etter Gro Jensen Gjerde som går av med pensjon etter 23 år i stillinga.

Tora Haslum Myklebust kjem frå stillinga som kontraktsleiar i Velde Asfalt AS. Ho har tidlegare blant anna jobba i Leirvik AS og NCE Maritime CleanTech.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for dei åtte kommunane i Sunnhordland. Oppgåvene strekk seg frå politisk og administrativt samarbeid mellom kommunane, til store, overordna regionale prosjekt.

Morten Storebø
Styreleiar

Tips ein ven  Skriv ut