Torild Børretzen stiller ut gåve til Etnefolket

Torild Børretzen_650x919

Torild Inger Børretzen stiller ut  i Galleri Skakke 28. oktober til 12. november. Biletsamlinga ho stiller ut er ei gåve frå Torild til heimbygda, og blir overrekt til Etnefolket ved ordføraren på opningsdagen. Utstillinga er ei retrospektiv samling av 22 bilete i akvarell, akryl og pastell som viser representative motiv og fasar frå Torild sin kunstnarlege produksjon gjennom nesten 50 år.  

2017-10-06

Ordførar Siri er overvelda og takknemleg for gåva, og lovar at kommunen vil forvalta den med respekt og etter kunstnaren sitt ønskje til beste for Etnefolket.

Opninga skjer laurdag 28. september kl 13:00 med Torild sjølv tilstades. Ordførar Siri står for opninga, det blir kulturinnslag og litt å bita i for å feira kunstnaren og gåva. Alle velkomne!

Torild Inger har sendt ut denne pressemeldinga i samband med utstillinga:

Kunstgåve til Etnebuen.

Snart er eg minstepensjonist… eit heilt arbeidsliv har eg å sjå tilbake på.  Eg har hatt ei lang karriere som kunstnar. Tok sjansar,  levde økonomisk til tider på grensa til fattig. Det var ei spennande tid.  Før eg var 23 år debuterte eg med maleri på Vestlandsutstillinga og som 28-åring hadde eg mi første separatutstilling i Bergen kunstforening.  Den gjævaste oppgåva var å vera med å utsmykka Hurtigruta M/S Finnmarken.  Rundt i landet og i Europa har eg fått vist arbeida mine. Eg har vore heldig og er takksam.

MEN det eg ser tilbake på som det viktigaste for meg, var vegen frå barndommen og fram til eg flytta frå vakre Etne.  22 år var eg då eg tok flytting til Bergen.  Eg vil takka familie, naboar, lærarar og bygda for dei åra! Barndom og skulegang med tryggleik og «heiarop». Dørene stod opne for oss. Mange blei også mitt første publikum og kundar.  Skulle så gjerne nemna alle som var der for meg.  Det var mange då, og få er igjen for å takka dei.

Difor vil eg gi 22 av mine kunstverk til etterkomarane deira i Etne.  Gåva håpar eg skal vera til glede for folket i Etne i framtida, brukt i rom der alle har tilgang.

Etne kommune og eg lagar difor ei utstilling i Galleri Skakke, Kulturhuset i Etne, med desse arbeida. Utstillinga skal stå i 14 dagar. Håpar mange vil komma og sjå. Dei som har ein vegg i eit kommunalt eller offentleg rom, som treng eitt eller fleire kunstverk, kan gå til Kulturkontoret i Etne med ynskje.  Kulturkontoret har teke på seg oppgåva og formidla og halda styr på kunsten på vegne av kommunen.  Eg håpar for all del ikkje at kunsten skal støva ned på eit lager. Bruk den!

Med glede.

Torild Inger Børretzen

Info:
Torild Inger Børretzen blei fødd på Norheim i Etne i 1951, og er utdanna frå Bergen Kunsthandverkskule 1970-73 og VestlandetsKunstakademi 1973-78. Sidan den tid har ho vore aktiv i atelié og utstillingar lokalt og på den internasjonale arenaen. Utsmykkingsoppdrag mellom anna på hurtigruta “Finnmarken” med 15 olje og akvarellmaleri, samt fleire andre offentlege og private utsmykkingar er utført. Akvarell er mediet ho brukar mest, men også akryl og pastell. Ho vil at hennar verk skal ha ei djupare meining, autoritet, estetisk verd, respekt for matrialet og for deg som publikum.

Tip a friendTips ein ven