Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordning)

Oppdatert: 27.09.2018 13:52
Generelt
Omtale

Er du funksjonshemma og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Kriterium/vilkår

Du kan vanskeleg nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen. 

Samarbeidspartnarar

Samferdselsdepartementet har pålagt alle fylkeskommunane å organisere ei ordning med tilrettelagd transport.

Regelverk

Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Sjå fylkeskommunale retningsliner.



Lover
Forvaltningsloven
Praktiske opplysninger
Vedlegg

Legeerklæring

Sakshandsaming

Fylkeskommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:NAV
Leder:Jan Ivar Bringedal
Kontaktpersonar
Jan Ivar Bringedal (Leiar NAV)
Telefon:
Mobil:
Telefaks:
Epost: jan.ivar.bringedal@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-09-27 13:52