IMG_2136

Trivselsskular i Etne kommune

Denne veka starta grunnskulane i Etne kommune opp som Trivselsskular.

Nærare 100 handplukka  elevar har delteke på kurs. Ein har på kursa jobba med innlæring av nye leiker og aktivitetar. Verdiar som inkludering, respekt og vennlegheit har blitt haldt fram som sentrale.

Elevane får som hovudoppgåve å arrangera positive aktivitetar i storfriminutta. Dei ønskjer at alle skal prøva seg i nye aktivitetar og vil sjå etter at ingen går aleine.  Heile 1000 skular i Noreg, Sverige, Danmark og Island brukar Trivselsprogrammet på sine skular og elevane i Etne har allereie fått prøva dette i to dagar.

IMG_2107_400x267.jpg

 

IMG_2114_200x300.jpg

IMG_2136_400x267.jpg

IMG_2156_400x267.jpg

IMG_2162_400x267.jpg

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut