StatensVegvesen

Tungesvik 1-tunnelen på fv. 48 skal sprengast vekk

Fylkesveg 48 blir dermed stengt ved Tungesvik 1-tunnelen, på strekninga mellom Håland og
Skånevik. Stenginga gjeld i perioden frå 15.-28. oktober. Vegen blir stengt for all trafikk i
denne perioden. Vegen skal opne att 29. oktober.

- Det er ofte nedfall i den 35 meter lange tunnelen, som er til risiko for passerande trafikk. Det
har vore diskusjonar ei stund no om tunnelen er sikker nok, fortel Asbjørn Opedal,
prosjektleiar i Statens vegvesen.

No skal tunnelen sprengast vekk og erstattast av ei open og sikker skjering.
- Fjellet skal sikrast og lausmassane vil bli nytta til å utbetre delar av vegen til Skånevik, seier
Opedal.

Det blir skilta omkøyring via fv. 34 Etne-Skånevik. Maksimum køyretøylengde blir sett ned
frå 19,5 meter til 12,4 meter i perioden. Alternativ omkøyring om Folgefonntunnelen eller
Stord.

I samband med vegstenginga av fv. 48 vil Skyss sine ruter på linje 810 Etne-Skånevik vert
noko endra;
 Tur 5 og 9 (16:15 Skånevik-Tjelmeland) samt tur 18 og 21 (16:40 Tjelmeland-
Skånevik) er innstilte.
 Tur 15 (09:50 Skånevik–Etne) går via Skånevikstranda. Ekstrabuss vert sett opp på
strekninga Håland – Tjelmeland - Etne

Arbeidet med å sprenge ned tunnelen vert gjort av Brødr. Flatebø as. Entreprenøren vart vald
etter anbodskonkurranse.

Kontaktperson i Statens vegvesen:
Asbjørn Rune Opedal, prosjektleiar, tlf. 948 72 087

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut