UKM 2018 i samarbeid med Vindafjord

UKM Mobilbanner_2018

I år blir UKM for Etne arrangert i samarbeid med Vindafjord, og lokalt UKM blir på Ølen kulturhus lørdag 3. mars.

2018-02-07

Vindafjord er hovudarrangør og tar seg av alt det praktiske, og difor skjer også påmeldinga via Vindafjord si UKM-side (under Rogaland). Alle innslag blir vurderte, og utvalde innslag frå Etne kan gå vidare til fylkesfestivalen på Husnes 20.-22. april, medan Vindafjord sine går vidare til Rogaland sin fylkesfestival. Sjansen for å gå vidare er altså akkurat som før! Påmeldingsfristen er 22. februar så hiv deg rundt, – enten du driv med kreativ kunst eller noko som kan visast fram på ei scene så er dette plassen for å visa fram talentet ditt, og å møta andre kreative og sceneglade ungdommar!

Påmeldingsfrist 22. mars via ukm.no/vindafjord

Spørsmål? Ta kontakt med Liv-Kari Bødtker tlf 53 75 81 28 eller 415 49 252.

Tip a friendTips ein ven