UKM[1]

UKM på Skakke fredag 22. februar

Ung Kultur Møtes er tilbake med eige arrangement for Etne kommune, og fredag står 23 ungdommar knallklare for å visa fram talentet sitt!

Det blir minst ti sceneinnslag med variert musikk, både instrumental, vokal og kor. Du får sjå dans, og fem kunstnarspirer stiller ut måleri og teikningar. Kven som er påmelde ser du her https://ukm.no/etne/pameldte/

Me håpar på masse publikum slik at skikkeleg mange får oppleva dei dyktige deltakarane våre, og at det blir full sal og god stemning!
Billettar. Vaksne kr 100,- barn kr 50,-

Ung Kultur Møtes er eit tilbod for ungdom som ønskjer møta likesinna, og som vil testa ut interessene og talenta sine. Her i kommunen har Kultureininga ansvar for arrangementet.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut