Undervisningslokale og dagsenter

Kommunen vurderer å leige lokale til undervisning sentralt ved Etnesjøen. Det kan også vere aktuelt å legge eit dagsenter til same lokala.

Etne kommune skal busetje flyktningar i september 2013. Kommunen skal legge til rette for eit fulltids introduksjonsprogram med norskundervisning, samfunnskunnskap og språkpraksis/arbeidspraksis over to år.

Vi ber om tilbod på lokale ut i frå følgjande spesifikasjon og ser for oss dialog om konkret utforming. Det er interessant å få tilbod på eitt av alternativa, sjølv om ein ikkje kan gje tilbod på begge. Frist: Onsdag 4. september.

Alternativ 1:
Undervisningslokale: 40 – 60 m2. Til vanleg for 10 – 15 personar
1 – 2 grupperom  a ca 20 m2 kvar
Dagsenter: ca 30 – 50 m2. Til vanleg for 10 – 15 personar
2 – 3 kontor 2 arbeidsplassar – ca 15 m2 pr. kontor
1-2 kontor 1 arbeidsplass (ca 10-12 m2)
(Vi har behov for i alt 7 arbeidsplassar i kontor)

Alternativ 2:
Undervisningslokale: 40 – 60 m2 . Til vanleg for 10 – 15 personar
Eitt grupperom ca 20 m2
Kontor 2 arbeidsplassar – minimum 15 m2
Kontor 1 arbeidsplass (ca 10-12 m2)

Det er sannsynleg at vi må ha midlertidige undervisningslokale (40 – 60 m2 og tilgang til toalett) frå 30. september. Opplys gjerne om de har høve til å dekkje dette behovet.

Leiga gjeld for 5 år.

 

Kontaktperson: Flyktningkonsulent Atle Aas, Boks 54 , 5591 Etne Kommune

atle.aas@etne.kommune.no

Telefon kontor: 53 75 81 34/mobil: 993 54 771

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut