Illustrasjon

Ungdomsråd i Etne – noko for deg?

Vil du vera med å tala ungdommen si sak i Etne? Still som kandidat til Etne ungdomsråd!

Ungdomsrådet skal vera ungdommen si stemme i kommunen og uttala seg om alt som har med ungdom å gjera. Det skal vera 9 representantar + 6 vararepresentantar i Etne ungdomsråd valde av ungdom sjølve i Etne.
 

Fordelinga av representantar skal vera slik:

  • 2 representantar og 2 vara frå Skånevik ungdomsskule
  • 3 representantar og 2 vara frå Enge ungdomsskule
  • 4 representantar og 2 vara blant aldersgruppa 16-19 år
  • 1. vara møter fast i ungdomsrådet.
  • Du vert vald for 2 år om gongen. I år, som er oppstartåret, vert halve rådet valt for 1 år.


Dette får du dersom du vert vald:

  • Innverknad på alt som har med ungdom å gjera
  • Opplæring
  • Deltaking på ungdomsråd og samlingar i Vestland fylke
  • Verdifull erfaring
  • Møtegodtgjering


Dette må du dersom du vert vald:

  • Engasjera deg
  • Vera med på __ møte i året
  • Følgja årsplanen og retningslinjene til ungdomsrådet
     
Er du interessert i å stilla som kandidat?
Møt opp på info-møte på Etne Tinghus 22. oktober klokka 19.00


Sei det vidare, del informasjon til den du tenkjer kunne passa til dette!

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut