Litledalen

Utlysing av 5.000 m3 steinmassar frå Litledalen

Etne kommune lyser med dette ut inntil 5.000 m3 usorterte tunnellmassar frå SKL sitt deponi i Litledalen

Det kan søkjast om massar til samfunnsnyttige føremål i Etne kommune, til godkjente prosjekt. Fritt tilkjørt innan 7 km frå Litledalen  – transport utover 7 km må dekkast av søkjaren sjølv.
Dei aktuelle massane er usorterte tunnellmassar, frå støv til ca. 600 mm stein.  

I utbyggingsavtalen mellom Sunnhordland Kraftlag AS og Etne kommune om Løkjelsvatn Kraftverk ligg der inne følgjande plikt for SKL:

Eit volum på inntil 5000 m3 steinmassar skal kunne nyttast til utbetring av veg, heving av areal, eller andre samfunnsnyttige føremål. SKL forpliktar seg vederlagsfritt til å transportere desse massane innanfor ei maksimal kjørelengd på 7 km. Detaljar kring bruk og transport av massane avklarast i dialog mellom SKL og kommunen. Planansvaret ligg ikkje til SKL.
 

VILKÅR:

  • Det kan berre løyvast massar til godkjente tiltak. Naudsynte løyve må vere gitt i eiga sak, og kan ikkje inngå i søknaden om massar. Alternativt må tiltaket gjelde ikkje søknadspliktige tiltak.
  • Tiltak må vere godkjent av berørte grunneigarar/rettshavarar.
  • Kjørelengd ut over 7 km frå deponi i Litledalen må dekkast av forslagsstillar.
  • Alle tildelte massar må vere henta på deponi innan 01.09.2020.
  • Massane skal nyttast til omsøkt tiltak innan 01.12.20 og kan ikkje leggast på deponi/lager for seinare bruk.
  • Det skal innan 15.12.20 leverast inn dokumentasjon på bruk av massane, inkl. foto.
  • Tiltak skal ikkje føre til unødig ureining, avrenning til vassdrag eller anna ulempe for omgjevnadene.
     

KRAV til SØKNAD:

  1. Kor mykje massar blir det søkt om? Kva er føremålet og samfunnsnytten?
  2. Stad for tiltaket, inkl. gards- og bruksnummer. Kart som syner tiltaket.
  3. Kva er avstanden frå deponiet i Litledalen?
  4. Vedlegg, t.d. offentleg løyve til tiltaket, løyve frå grunneigar etc.
  5. Namn på kontaktperson/tiltakshavar.

Søknadsfrist er 22.03.2020
Søknad sendast til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, ev. på post@etne.kommune.no

Vurdering av søknadane: Massane blir fordelt til kvalifiserte søkjarar av Etne kommune sitt kontaktutval for SKL.

-----------
Ev. spørsmål kan rettast til rådgjevar plan og miljø Erik Kvalheim, telefon 53 75 82 21.

 

Tips ein ven  Skriv ut