plakat

Utviklingsstipend - gateaktivitet

Hordaland fylkeskommune deler ut eit nytt stipend på kr 30.000,- til ein utøvar innan gateaktivitet som skating, dans, parkour eller anna.

Søknaden skal vere ein film på 3-5 minutt der utøvaren viser sin aktivitet og fortel kva mål dei har for utvikling i sin aktivitet og kva dei ønskjer å bruke eit stipend til. Filmen kan lastas opp på Youtube eller Vimeo.

Ved tildeling av stipend vil desse kriteria verta lagde vekt på:

• Prestasjonar
• Potensiale
• Planar for vidare satsing
• Aldersgruppe: 16 – 25 år

Søkar kan vere ein utøvar, ei gruppe eller et miljø.

Les meir om ordninga på fylkeskommunen sine sider www.hordaland.no/tilskot

Utviklingsstipend - Gateaktivitet


Tilskotsordning for organisert idrett:

Utviklingsstipend - Idrettsutøvarar

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut