Vårrydding

Vårrydding i Etne kommune - HALD ETNE REIN!

Mange gjer litt og naturen blir reinare. Dugnaden er alt i gang. 

Klasse 1C på Enge skule plukka i går 15 kg søppel!
Masse flinke folk er klar til å gjere ein dugnad for å rydda plast og søppel som er  havna på feil stad. Mange gjer litt og  naturen blir reinare. Dugnaden er alt i gang.

 

Hovuddato er 12.-14. april, nokon har rydda og andre ryddar seinare. Det viktige er  å  gjera noko.
Sjå:  https://holdnorgerent.no/ryddekart  Der finn du informasjon om kontaktpersonar og aksjonane som er meldt inn. Meld gjerne inn sjølv. Me vil ha fleire med.
I tillegg er Etne Bondelag med og oppmodar alle om å rydda  sine eigedommar.

 

Utstyr: Hold Norge rent sender utstyr og me vonar det er på plass onsdag/torsdag.
Utlevering på Etne Tinghus, Tenestetorget mellom kl 9-15. Hent fredag om du skal rydde i helga.
Utstyr: Hanskar, sekker og sikkerhetsinformasjon. Me anbefalar bruk av eigen refleksvest. Lever bosset til næraste container. Den skal vegast til slutt. Det blir spennande!           
LUKKE TIL!

 

Containerplassering:

 

  1. Rullestadstrand 21, Porsmyrvik. Fjæra og Rullestad idrettslag, Fjæra Båtforening. Aksjonen i dette området er utsett grunna snø og is i området.  

 

  1. Skånevik sentrum. For Vannes og andre aksjonar i området.

 

  1. Skånevik: Hamn- Skånevik båtforening. Hamn, og Skåno 

 

  1. Etne kyrkje - Etne elveeigarlag, Etnesjøen Grendelag, Småskulen, Enge  og andre aksjonar i området.

 

  1. Meieriplassen, Etnesjøen, Etnesjøen Grendelag.

 

  1. Etne: Tordisrinden. Osnes Vel.

 

  1. Etne: Sørstranda grendehus. Sørstranda Grendelag

 

  1. Øvernes. Fv 48. Strand og veg Øvernes og andre aksjonar i området.

 

  1. Fjøsna. 
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut